En verden uten utbytting, undertrykkelse og krig

Rødt Odda

Budsjettkommentar frå Raudt. 

Før julefreden senkar seg i Odda, har eg behov for å gje ein budsjettkommentar.

I formannskapet i slutten av november ville ikkje budsjettkameratane (AP, H og SP) endre ein tøddel på rådmannen sitt forslag. I kommunestyret 16.desember vart innstillinga frå fleirtalet i formannskapet endra til det betre på enkelte punkt. Dette skjedde først etter eit sterkt folkeleg engasjement. OPP MOT (alternativ skule) vart sikra i siste timen og svømmebassenget i Røldal blir rusta opp i 2009, slik m.a. Raudt foreslo i formannskapet. Men fleirtalet sine budsjettkutt i grunnskulen elles og på kultursektoren er ikkje særleg framtidsretta. Raudt sitt initiativ for ein felles lokal tiltaksplan for full sysselsetjing i 2009, fekk heller ikkje den støtten vi håpa på. Stadig fleire ser behovet for at konkrete, ekstraordinære tiltak blir satt i verk. No er det på tide at Odda kommune verkeleg tar finanskrisa på alvor!

Vårt forslag om å setje av inntil 10 millonar til eit investeringsfond i staden for ekstra nedbetaling av gjeld til bankane, fekk diverre ikkje fleirtal. Eit slikt fond kunne ha auka den kommunale delfinansieringa og utløyst statlege ekstramidlar til mange lokale prosjekt for å halde hjula i gang i bygg- og anleggsbransjen. Fleirtalet sitt førjulsvedtak om å å leige inn spinndyre eksterne konsulentar for å vurdere privatisering av samferdsel, parkvesen og reinhald i kommunen vil nok ikkje skape mykje entusiasme hos dei som jobbar på golvet i kommunen. Det vil heller vedtaket om å gå gjennom av alle stillingar i kommunen for å redusere 50 årsverk, samstundes som arbeidsløysa stig. Raudt var diverre einaste parti som gjekk imot desse framlegga.Det er eit tankekors at det einaste tenesteområdet som fekk ei påplussing frå fleirtalet på ein million kroner, var godtgjersla til politikarane (herunder + 50.000 til ordføraren).

Det er liten grunn til å rekne med at Odda blir skjerma frå finanskrisa eller at oppsvinget kjem etter nyttår. For Raudt er jobb nr. 1 i 2009 arbeid til alle. Ein arbeidslaus er ein for mykje.Vi har mange uløyste oppgåver både i kommunen, på vegsektoren (m.a. Meierisvingen, rassikring og Jondalstunnellen) og ikkje minst på Smelteverkstomta Solidariteten og evnen til felles innsats er på nytt utfordra i Odda-samfunnet! 

Terje Kollbotn (gruppeleiar Raudt Odda)

 

©2008 Rødt Odda