Sak 044/08 Økonomiplan 2009-2012 / Årsbudsjett 2009.
Forslag 1: TILTAKSPLAN 2009
a) Odda kommunestyre har full sysselsetjing som eit hovedmål. På bakgrunn av finanskrisa og faren for stor arbeidsløyse, vil Odda kommunestyre setje i verk ei rekkje ekstraordinære tiltak.Både innan vedlikehald av kommunale bygg og anlegg og for å rydde og ruste opp smelteverkstomta er det eit stort behov for arbeidskraft for å få løyst viktige samfunnsoppgåver.Difor set Odda kommunestyre i første omgang av 3 mill. til raskt å utarbeide og setje i verk ein lokal tiltaksplan. Dette skal inkluderer både planleggjing, prosjektering og prosjekt- og arbeidsleiing for ekstraordinære oppdrag og sysselstjingstiltak. 3 mill. blir finansiert ved at det blir satt av tilsvarande mindre til disposisjonsfondet i 2009.
b)Odda kommunestyre ber regjeringa om naudsynte ekstraordinære statlege sysselsetjingsmidlar for å få gjennomført denne lokale tiltaksplanen.
c)Odda kommunestyre gir formannskapet i oppgåve å raskt fylgje opp desse vedtaka.
Forslag 2: INGEN KUTT I ALTERNATIV SKULE / OPP MOT.
a) + 1.200.000 i høve til rådmannens budsjettframlegg.Finansiering: Tilvarande reduksjon i avsetning til disposisjonsfondet.
b) Rådmannen får i oppgåve å finne høvelege lokaler for å utvikle verkstad- og uteaktiviterar.
c) OPP MOT skal undersøke om det er interesse for å ta imot elevar frå nabokommunane.
Forslag 3: INGEN KUTT I GRUNNSKULETILBODET I ODDA
+ 800.000 i høve til rådmannens budsjettframlegg.Finansiering: Tilvarande reduksjon i avsetning til disposisjonsfondet.
Forslag 4: INGEN KUTT I KULTURTILBODET
a) + 500.000 i høve til rådmannens budsjettframlegg. Finansiering: Tilvarande reduksjon på Politisk kapittel.
b) Kultursektoren skal i løpet av 1.halvår leggje fram forslag til inntektsbringande tiltak, t.d. digitalisering ved kinodrifta og ekstern medfinansiering.
INVESTERINGSBUDSJETTET:
Forslag 5: OPPSTART REHABILITERING RØLDAL SVØMMEBASSENG I 2009.
Låneopptak på 6 mill. blir gjort i 2009, arbeidet blir igangsatt seinast ved skuleslutt i juni. Finansiering: Ekstraordinære rentefrielån til svømmehallar og skular i statsbudsjettet 2009.
Terje Kollbotn (Raudt Odda)
