I forrige veke skulle Odda kommunestyre ta stilling til takstområdet for eigedomsskatt dei neste ti åra. Tidleg i debatten vart det klart at fleirtalet meinte at dagens ordning var heilt urimeleg og tilhøyrde fortida. Den går ut på at berre Tyssedal og Odda by (minus Mannsåker, Vasstun og Jordal) har eigedomsskatt på bustader og forretningsbygg. Berre Senterpartiet og Arbeiderpartiet (minus Solfrid Horne-Moe frå Tyssedal) forsvarte dagens ordning. Sjøl om det ikkje er noe folkekrav i Odda, foreslo FrP å avvikle denne eigedomsskatten. Dei fekk støtte frå både Høgre, Venstre og Nye Odda. Vi i Raudt meinte både utifrå rettferdsomsyn og med tanke på Odda kommune sin økonomiske situasjon og utfordringar framover, at det var mest ansvarleg å innføre eigedomsskatt i heile kommunen frå 2010. Dei største kommunale investeringane i dag er faktisk mellom Skare og Røldal. Her bur det og mange millionærar.
Raudt inviterte AP og SP til eit samarbeid om ein ny modell for eigedomsskatt med ein betre sosial profil for heile kommunen. Men dei klamra seg til gjeldande ordning. AP og SP kunne likevel ha sikra fleirtal for ein ny og meir rettferdig eigedomsskatt ved sekundært å støtte vårt forslag. Men det ville dei ikkje vere med på. Ordførar Gard Folkvord fulgte heller ikkje vanleg skikk og bruk som møteleiar under røystinga. Er det tre eller fleire alternativ, skal alltid det mest ytterleggåande forslaget takast opp først. I dette tilfelle var det Frp sitt forslag som var mest ytterleggåande. Hadde Frp sitt forslag blitt tatt opp til røysting først av ordføraren, hadde det ikkje fått fleirtal. Deretter måtte kommunestyret ha tatt stilling for dagens ordning eller Raudt sitt forslag.
Ordføraren og resten av AP og SP har soleis eit stort medansvar for at resultatet vart som det vart.
Terje Kollbotn (gruppeleiar Raudt Odda)
