En verden uten utbytting, undertrykkelse og krig

Rødt Odda

Interpellasjon til fylkestinget i Hordaland 9. og 10.juni 2009 i Ullensvang.

 

Industrikraft no!

Dette var hovedparola då medlemane i LO-forbundet Industri Energi i storindustrien over heile landet gjekk til politisk streik onsdag 3.juni for å utfordre regjeringa på industrikraftsaka. Her i Hordaland skjedde dette ved Sør-Norge Aluminium på Husnes, ved Elkem Bjølvefossen i Ålvik, ved Boliden i Odda og Tinfos Titan & Iron iTyssedal.

I fylkestinget for to år sidan (13.juni 2007) reiste eg ein interpellasjon om industrikraftsaka. Dette førte til at fylkestinget samrøystes vedtok å sende fylgjande fråsegn til Stortinget og Regjeringa:

”Fylkestinget er uroa over at Storting og Regjering enno ikkje i 2007 har kome fram med ein plan for eit nytt industrikraftregime. Mange industriarbeidsplassar i distrikta, også i Hordaland, kan stå i fare om ikkje den kraftintensive industrien får gode og langsiktige rammevilkår.

Fylkestinget vil difor sterkt oppmoda sentrale styresmakter om raskt å få på plass eit slikt nytt industrikraftregime. Fylkestinget stør og den tverrpolitiske industrikraftmarkeringa som finn stad i Oslo i dag.”

Nestan to år seinare er dette kravet om ei langsiktig industrikraftløysing enno ikkje innfridd. Ei manglande industrikraftløysing, kombinert med finanskrisa, har medført at investeringplanar på mange milliardar innan denne industrien er lagt på is, permitteringar og varsel om permitteringar - og usikre framtidsutsikter for arbeidsplassar og lokalsamfunn.

På denne bakgrunnen, vil eg gjerne spørje fylkesordføraren:

  1. Er fylkesordføraren nøgd med regjeringa og stortinget sin innsats i denne saka?
  2. Om svaret er nei, kva vil fylkesordføraren ilag med fylkestinget gjere for å påverke regjeringa og stortinget for å få løyst denne saka til fordel for den kraftforedlande industrien i Hordaland og Norge?

Odda, den 3.juni 2009

Terje Kollbotn (fylkespolitikar frå Raudt Hordaland)

 

©2008 Rødt Odda