En verden uten utbytting, undertrykkelse og krig

Rødt Odda

Ny UNESCO-splid i Odda?

Ny UNESCO-splid i Odda?

UNESCO-mostandar Jarle Skogheim varslar i eit innlegg i Haugesunds Avis 15.juli ny UNESCO-splid i Odda. Eg trur oddingane heller ynskjer seg handling og resultat i form av nye arbeidsplassar på Smelteverkstomta framfor fortsatt krangling og splid.

Som lokalpolitikar for det neststørste partiet i Odda, vil eg minna om noen viktige fakta:

Odda kommunestyre vedtok den 30.oktober i fjor med stort fleirtal reguleringsplanen for Smelteverkstomta Sør, herunder det tidlegare området for kalk- og karbidovnar. Ingen parti i Odda kommunestyre har seinare reist endringsforslag eller tatt initiativ til omkamp om denne reguleringsplanen. Sjøl om smelteovn 1 og 2 ikkje er mellombels freda slik som ovn 3 (verdas største karbidsmelteovn), står det ingenting i reguleringsplanen eller føresegnene til denne at ovnshus 1 og 2 rivast.  Heile ovnsområde sør , kalla B3, er regulert til ”et sted for bevaring, dokumentasjon og formidling av byens industrihistorie”.

Dagens strid dreier seg om fylgjande: Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum (NVIM) vil nytte dei massive, bærande stål- og betongkonstruksjonane  i ovnshus 1 og 2 som utgangspunkt for å skape noe nytt og framtidsretta. Istadenfor å rive, vil NVIM forvandle ein industriruin til eit industriens vitensenter, eit stort industriarkiv, restaureringssenter, gjenstandsmagasin for prosessindustrien -  og ein røff og tøff kulturarena. På fleire tusen kvadratmeter gamalt industrigolv i fleire etasjar vil NVIM skape ein ny lære- og møteplass for industri- og arbeidarkultur. Dette vil skje midt mellom kalkovn, kokstørke og smelteovn 3, som høgst truleg blir freda som nasjonalt kulturminne. Desse planane kunne gje mange jobbar for lokale firma og arbeidsledige – og på sikt 20-30 nye faste arbeidsplassar i området. Alt i sommar kunne ryddearbeid og fasaderestaurering ha starta opp. Men eigarane av tomta , Smelteverkstomta Næringsutvikling (SNU), sa nei. Midt i forhandlingane med NVIM, ville SNU heller rive ovnshus 1 og 2. Og leiinga i Odda kommune ved ordførar og rådmann sa utan vidare ja til riving. Dette skjedde utan demokratisk handsaming og vedtak  i noe politiske organ i Odda kommune. 

Mange har dei siste dagane etterlyst kva planar SNU har for utvikling av smelteovnsområdet og Odda – utan å få svar. Skogheim har heller ikkje presentert noe alternativ – bortsett frå ja til riving og nei til UNESCO. (UNESCO er som kjend FN sitt organ for utdanning, vetenskap og kultur). Dei lokale UNESCO-motstandarane i AP og FrP har heller ikkje fått til noe på smelteverkstomta (bortsett frå ein langvarig og opprivande lokalpolitisk strid).

No har likevel den norske regjeringa ved Miljøverndepartementet varsla UNESCO-kontoret i Paris om at dei vil jobbe for at den unike kraft- og industrihistoria til Odda/Tyssedal og Rjukan/Notodden kjem på FN si verdsarvliste. Dette er svært positivt for Odda, Hordaland og Norge! Tyssedal kraftanlegg og smelteverket i Odda vart faktisk verdshistorie då den industrielle revolusjonen starta inst i Hardanger i 1906. Karbid- og cyanamidfabrikken midt i Odda var eingong verdas største i sitt slag. Ved starten for hundre år sidan var dette faktisk Norges største fabrikkanlegg! Det skulle bare mangle at ikkje nasjonen Norge har råd til ta vare på og ruste opp eit industrielt kulturminne som det gamle smelteverket i Odda - slik den norske krafthistoria alt har fått sitt flotte, nyrestaurerte monument i Tyssedal. Dette er historia om industrialisering og økonomisk vekst i Norge i forrige århundre. Svært mange forventar no, etter fleire år med lokal splid og venting, at regjeringa alt i kulturminneåret 2009 fylgjer opp med store midlar til vern gjennom ny bruk av det tidlegare smelteverket i Odda. 

Terje Kollbotn (gruppeleiar Raudt Odda)

 

 

 

 

©2008 Rødt Odda