Oddapakken og rassikring Odda – Tyssedal.
Under overskrifta ”Oddapakken utsatt” står det i Hardanger Folkeblad 24.juni eit referat frå kommunestyremøtet i Odda den 22.juni. Denne overskrifta er misvisande. Val av framtidige riksvegløysingar gjennom Odda (Oddapakken) var ikkje sak på dette møtet. Det einaste kommunestyret var invitert til å ta stilling til, var eit forslag frå rådmannen om å løyve inntil kr. 400.000 (eks. mva) av kommunale midlar til å kartleggje lausmassar og fjordbotnen. Då kunne Odda kommune finne ut om det er råd å byggje ein undersjøisk tunnell under Sørfjorden frå Eitrheim til Tyssedal. Det var denne saka som fleirtalet (minus AP og SP) gjekk inn for å utsetje. Vi må først ta stilling til kva riksvegprosjekt vi skal prioritere i Odda dei næraste åra.
Alt i 2003 engasjerte folkeaksjonen Aksjon Riksveg seg sterkt for å få på plass ei varig, miljøvenleg og ras-sikker trafikkløysing gjennom Odda tettstad. Det einaste fleirtalet i Odda kommunestyre den gongen klarte å vedta, var ei mellombels og dårleg løysing, nemleg
Opheimsgata som riksveg. Seinare har ei rekkje ras både i Oddadalen, langs Sandvinsvatnet (Aurskreda) og langs Tyssedalsvegen understreka behovet for at ras-sikring av desse strekningane og vert med i ein framtidig Odda-pakke.
Raudt Odda (tidlegare RV) har ei rekkje gonger etter 2003 etterlyst strategiske vegval i Odda kommunestyre. I mars i år vart det omsider presentert alternative vegløysingar for Odda tettstad, Odda-Tyssedal og Oddadalen. Noen alternativ viste seg raskt å vere heilt uaktuelle – noen kunne vi jobbe vidare med.
Eg har fleire gonger tatt til orde for at Odda kommunestyre før somaren 2011 må ta stilling til framtidige hovedalternativ på vegsektoren i Odda. Dette kravet har diverre ikkje ført fram.
Tida er overmoden. Om Odda skal ha sjans til å få desse riksvegprosjekta inn i Nasjonal Transportplan frå 2014, er vi seint ute. Det skal utarbeidast reguleringsplanar, prosjektplanar og finansieringsplanar. Planane skal godkjennast og prioriterast i Hordaland fylkesting i 2012 og i Stortinget våren 2013.
Når det gjeld strekninga Odda- Tyssedal, meiner Raudt at vi no må konsentere oss om å få på plass omfattande ras-sikringstiltak og andre utbetringar med gul midtstripe heile vegen frå Freimskrysset til Tyssedalstunnelen. Ein tunnel under fjorden Tyssedal – Eitrheim er i beste fall svært langt fram. Ras-sikring og opprustning av Tyssedalsvegen kan starte no!
Terje Kollbotn (ordførarkandidat Raudt Odda))
