Terje Kollbotn (gruppeleiar for Raudt Odda):
KOMMENTAR ETTER KOMMUNESTYREMØTET I ODDA 21.MAI 2008.
Utmelding av LNK.
Møtet opna med at ordførar Gard Folkvord (A) gjorde det klart at han ville trekkje attende Odda kommune si utmelding av Landssamanslutninga for nynorsk-kommunar (LNK). Odda kommunestyre meldte Odda inn i LNK i 1996 (mot eit mindretal med Gard Folkvord i spissen). I januar i år vart Odda kommune meldt ut av LNK, med full støtte frå ordføraren, for å spare kr. 10.000. Dette skjedde utan politisk handsaming. Raudt har fleire gonger reist krav om at denne saka blir avgjort i kommunestyret, ikkje av rådmannen og ordføraren. No hadde ordføraren gjort full retrett og vil trekke attende utmeldinga, etter å ha satt seg betre inn i saka. Det er bra for Odda kommune at ordføraren har tatt denne u-svingen. Alle andre kommunar i Hardanger, Hardangerrådet, 28 kommunar i Hordaland og alle nabokommunane i Rogaland og Telemark er med i LNK.
Vi reknar med at LNK-ballen er lagt død i alle fall resten av denne valperioden. No må Odda kommune heller satse på å dra meir nytte av LNK-medlemsskapet sitt.
Industrikraftsaka.
Før kommunestyremøtet starta, var det synfaring på Boliden Odda AB, eller ”Zinken” på folkemunne. Dette er Oddas største industribedrift som slit med å få varige og gode kraftkontraktar. Det er på overtid at den ”raud-grøne” regjeringa innfrir løftet frå 2005 om ei politisk industrikraftløysing som kan sikre industriarbeidsplassane i den kraftforedlande industrien i Norge.
På starten av møtet foreslo ordførar Gard Folkvord (A) at formannskapet tok del i den fagleg-politiske kraftmarkeringa foran Stortinget i Oslo 13.juni.
Dette slutta kommunestyret seg til. På vegne av Raudt utfordra eg ordføraren til å leggje fram ein konkret strategi for korleis denne kampen kan vinnast. Her fekk vi ikkje noe konkret svar. Då Raudt hadde interpellasjon om industrikraftsaka i kommunestyremøtet i desember i fjor, lova ordføraren å samle alle gruppeleiarane til møte utpå nyåret for å drøfte ein felles politisk strategi. Dette har enno ikkje skjedd, til tross for purringar frå Raudt.
Nye stillingar til barnehagane i Odda.
Dette var i utgangspunktet ei svært gledeleg sak. Fleire har søkt om barnehageplass neste år, så det er behov for 6,68 nye årsverk for å sikre full barnehagedekning.
Men fleirtalet i kommunestyret gjekk inn for at desse stillingane skulle vere midlertidige for barnehageåret 2008/2008. Terje Larsson (Raudt) foreslo at stillingane vart faste.
Då den nye regjeringa AP, SV, SP overtok i 2005, innskjerpa dei Arbeidsmiljølova § 14-9 om bruk av midlertidige tilsetjingar. Dette skjedde etter sterkt press frå heile fagrørsla. Det er liten tvil om at vedtaket om midlertidige nytilsetjingar i barnehagane i Odda er i strid med § 14-9, ettersom dette ikkje omfattar noen av unntaka i pkt. a-e. Det var spesielt oppsiktsvekkjande at den lokale AP- og SP-gruppa røysta ned Raudt Odda sitt framlegg!
Dei kan vel ikkje meine at behovet for desse nye stillingane i barnehagane fell vekk etter barnehageåret 2008/2009 ? Eller har dei tenkt å oppheve målet om full barnehagedekning?
Som nytt medlem av Administrasjonsutvalet, vil eg ta initiativ til å få denne saka vurdert på nytt alt i neste møte i Administrasjonsutvalet. Odda kommunestyre kan ikkje setje seg over Arbeidsmiljølova og grunnleggjande faglege rettar. Også Odda kommune må ha ein ryddig og god personalpolitikk.
Terje Larsson (Raudt) foreslo og at Digranes Naturbarnehage heldt fram i neste barnehageår, sidan talet på ongar har auka og det samstundes skal byggjast ny barnehage på Rabben.
Dette gjekk og fleirtalet (AP, H, SP og FrP) imot
Budsjettendring 2008.
Denne saka starta med at fleirtalet i kommunestyret erklærte meg inhabil, sidan eg hadde engasjert meg for å finne ei praktisk og økonomisk løysing for å få satt det nasjonale vasskraftmonumentet Elektra i Tyssedal i stand. Dette monumentet har kommunen vanskjøtta i mange år. Eg hadde jo til og med skreve avisinnlegg om saka i både Hardanger Folkeblad og Bergens Tidende same dag! Rådmannen meinte at eg ikkje var inhabil og hadde vore ryddig i saka. Solveig Våde (Raudt) stilte med svært god grunn spørsmål til fleirtalet (med AP og H i spissen) om det gjeld heilt andre reglar for inhabilitet for Terje Kollbotn enn for resten av kommunestyret.
Så til saka:
Solveig Våde foreslo at Odda kommunestyre gjekk inn for at det nasjonale vasskraftmonumentet Elektra vart rusta opp og satt i drift i 2008, og at rådmannen la fram sak på neste kommunestyremøte om finansiering og framdrift. Dette røysta fleirtalet imot (inkludert dei to tyssedølene frå FrP, Jondahl og Rekkedal). No er Elektra-skandalen komplett. Elektra fortener ikkje lenger status som eit nasjonalt vasskraftmonument. Fleirtalet bør no betale attende til alle som støtta monumentet, og i ettertid er halden for narr av kommunestyrefleirtalet!
Gruppeleiaren for Høgre og leiar av driftskomiteen, Nils Petter Freim, hadde fått den ”ærefulle” oppgåva av fleirtalskoalisjonen AP, H og SP å foreslå å ta kr. 400.000 frå ekstrahjelp/overtid ved Eidesbrotet bufellesskap for utviklingshemma til ASFALTERING! Her var det snakk om prioritering! ”Asfaltkameratane” vann saka med røystetala 13-13 og ordføraren si dobbeltrøyst. Gunvor Medhus (Høgre) og Invild Halland (AP) skal ha all ære av å bryte ut av fleirtalskoalsjonen i denne saka. Hadde Nye Odda vore fulltallig, hadde dette hjerteråe framlegget frå AP/H/SP blitt avvist. Her kan det bli omkamp på neste kommunestyremøte!
På vegne av Raudt foreslo eg at ferietilbodet på 4 dagar som skulle fjernast for dei utviklingshemma denne somaren, vart sikra. Dette framlegget fekk fleirtal, mot røystene til ordføraren, varaordføraren og leiaren av driftskomiteen.
Raudt fekk og fleirtal for eit forslag om at rådmannen på neste kommunestyremøte legg fram ei eiga sak om opprustning, asfaltering og vedlikehald av dei kommunale vegane.
Raudt sitt framlegg i formannskapet den 7.mai om at rådmannen fekk i oppgåve å leggje fram ei sak om korleis Odda kommune kan medverke til å få fullfinansiert Smelteverksfilmen til Arvid Aga, fekk full støtte i kommunestyret. Her er det behov for at rådmannen finn fram 200.000 kroner til neste møte.
Trallebanen i Skjeggedal.
På slutten av møtet etterlyste Solveig Våde (Raudt) om det var innkalla til første møte i interimstyret for trallebanen i Skjeggedal, slik det vart vedtatt i forrige møte. Det hadde enno ikkje skjedd. Eg etterlyste kva som var gjort for å sikre at fylkesutvalet stiller seg positiv tilo søknaden frå Odda om 3 mill. til trallebanefondet, utan å få svar noe frå ordføraren.
Alle andre saker vart utsatt til neste møte, m.a. utgreiinga om konkurranseutsetjing, rekneskap konsesjonskraft, ruspolitisk handlingsplan og søknad om disponering av tomt for Hotel Hardanger.
Nytt frå kommunestyremøtet i Odda 16.april 2008.
På møtet vart det samrøystes vedtatt å halde oppe dagens skulestruktur – dvs. at ingen grunnskular i Odda skal leggjast ned. Etter at Venstre foreslo å leggje ned Tyssedal barneskole og FrP foreslo å leggje ned Skare barneskole før jul, var dette gledeleg. Vi får håpe at dette vedtaket gjeld lengre enn ut denne kommunestyreperioden (til 2011)!
Det var og ein siger at det tilslutt samrøystes vart vedtatt å byggje og drifte Nye Rabben barnehage i kommunal regi. Etter fleire utgreiingar og debatt det siste året om å byggje og drifte denne nye barnehagen på Eide av private barnehageselskap, ser det ut til at privatiseringsiveren i Odda er på retrett. Rådmannen la fram tal og erfaringar frå andre stader som viste at det heller ikkje økonomisk var noe å tene på private løysingar – tvert imot. Vi får håpe at dette blir ein lærdom når privatisering av kommunale tenester på andre områder (VAR-sektoren, vaktmestertenester, reinhald, samferdsel osb.) kjem opp i administrasjonsutvalet, formannskapet og kommunestyret om kort tid.
Den saka det var knytta mest spenning til, var framtida til trallebanen i Skjeggedal. Leiar i trallebanegruppa, Trond Seim, holdt ei svært god innleiing, der han rydda av vegen mange mistydingar som m.a. styret i Topp Vel har forsøkt å skape. Før møtet var det usikkert om trallebanegruppa og Utviklingskomiteen si innstilling vart vedtatt. AP varsla før saka kom opp at dei ville gå inn for utsetjing. Høgre ville gå imot at kommunen engasjerte seg i saka. Men gjennom ein god og sakleg debatt, vart det tilslutt vedtatt med 25 mot 2 røyster (FrP) å støtte innstillinga. Den går i korte trekk ut på at det no blir etablert eit interimstyre for å få på plass eit driftsopplegg, finansiering og selskapsform for trallebanedrift i Skjeggedal etter 2010. Berre FrP gjekk inn for utsetjing av saka, med fare for å tape millionar til opprustning av trallebanen. Fleirtalet i kommunestyret valde John Helge Rasmussen (AP) som kommunen sin representant i dette interimstyret, medan mindretalet støtta Trond Seim. Det var grunn til å merke seg at Rune Gulbrandsen (AP) som har representert Utviklingskomiteen og Odda kommune i trallebanegruppa, røysta for at Trond Seim (Raudt) burde halde fram som leiar av dette arbeidet. Som gruppeleiar for Raudt vil eg gjerne takke Trond for den kjempejobben han har gjort som leiar av trallebanegruppa. Det har vore ei vanskeleg politisk sak som no ser ut til å nærme seg ei løysing. Trond har blitt utsatt for usaklege og personlege åtak frå styret i Topp Vel. I dagens møte var det ingen som forsvarte styret i Topp Vel. Dei har etter mitt syn verkeleg gjort seg sjøl ein bjørneteneste! Eg vil til slutt ynskje John Helge Rasmussen lukke til i arbeidet med å fylgje opp kommunestyrevedtakene for trallebanen i interimstyret.
Representantane frå Raudt Odda (Solveig Våde, Karin N. Rasmussen, Terje Larsson og underteikna) markerte seg alle i debatten om både desse og andre saker i dagens møte. Det var elles gledeleg at mange kvinner frå ulike parti var aktive på dette møtet.
