En verden uten utbytting, undertrykkelse og krig

Rødt Odda

Kor blir Barne- og ungdomsplanen av? 

 

I kommunestyremøtet i Odda 19.september etterlyste fleire representantar viktige politiske saker og oppfylgjing av ei rekkje tidlegare vedtak.saker.Eg etterlyste m.a. den nye Barne- og ungdomsplanen, utan å eit konkret svar verken av ordføraren eller rådmannen, Dette er eit tydeleg døme på at mykje diverre ikke er som det skal vere i Odda kommune.

Eg vil gjerne dokumentere dette litt nærare: 

Då kommunestyret handsama Kommuneplanen 2007-2019 i september 2006, foreslo eg: ”Odda kommunestyre tar initiativ til å få utarbeidd ein eigen Ungdomsplan i samarbeid med ungdomane. Frist: 6 månader”.

Dette vart samrøystes vedtatt. Bakgrunnen for forslaget mitt var at kommuneplanen skulle ha sterkt fokus på oppvekstmiljøet i Odda. Mange ungdomar hadde engasjert seg og sendt inn gode og konkrete forslag som det var behov for å fylgje opp. Aktiv medverknad frå barn og unge i den vidare planprosessen vart understreka frå fleire hald. 

I kommunestyremøtet den 19.desember 2006 vart det lagt fram eit godt forslag til program for ein Barne- og ungdomsplan i Odda, dvs. korleis arbeidet for å få utarbeidd ein slik plan skulle organiserast. Dette vart samrøystes vedtatt. Kommunestyret slutta seg og til mitt tilleggsforslag om at arbeidsgruppa sitt planframlegg skulle vere ferdig innan 1.mai 2007, slik at planen kunne bli slutthandsama i kommunestyret før somaren 2007 (dvs. før kommunevalet).

Men sidan planframlegget ikkje vart  heilt ferdig i tide, vedtok Driftskomiteen den 5.juni 2007 å utsetje handsaminga av Barne- og Ungdomsplanen til første ordinære kommunestyre etter valet hausten 2007. Barn og unge sitt kommunestyre to dagar seinare måtte då vedta å utsetje handsaminga av Barne- og Ungdomsplanen  til ekstraordinært møte 25.oktober 2007. Etter valet og ordførarskiftet har lite og ingenting skjedd i saka. Det ekstraordinære møtet i Barn og unge sitt kommunestyre i fjor haust vart ikkje noe av. Raudt sine representantar i Driftskomiteen har etterlyst planen fleire gonger utan å få svar når den kjem til politisk handsaming. I nytt møte i Barn og unge sitt kommunestyre i Odda den 3.april 2008 vart planen på nytt etterlyst. Etter somaren hadde vår ungdomsorganisasjon Raud Ungdom møte med eindel Odda-ungdomar. Alle ga uttrykk for frustrasjon for at det har gått så lang tid med denne saka. Fleire av dei sendte inn forslag alt då dei gjekk på Ungdomskulen våren 2006. No går dei i 3.klasse på Odda Videregåande skule. Dette var bakgrunnen for at eg etterlyste saka i det siste kommunestyremøtet.

Dette er ikkje å ta ungdomen på alvor. Dette er å halde dei for narr. Dette er å undergrave politiske vedtak i Odda kommunestyre. Som forslagsstillar for vedtaket for to år sidan opplever eg og stigande frustrasjon. På vegne av Raudt Odda vil eg be om at ordføraren eller rådmannen på neste møte i Odda kommunestyre legg fram ein konkret og forpliktande plan for slutthandsaming av Barne- og ungdomsplanen i Odda 

Helsing Terje Kollbotn (gruppeleiar for Raudt Odda) 

 

©2008 Rødt Odda